Øving 7.3.1–7.3.2
7.3.1
- Ektefellen har etter arvelova § 8 første ledd krav på det største beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G. I dette tilfellet set vi 4G til kr 400 000, medan ¼ av arven utgjer kr 200 000. Ektefellen har derfor krav på kr 400 000. Dei to døtrene og dei to sønene er fire livsarvingar som deler resten etter § 4 og får kr 100 000 kvar.
- Ektefellen har i henhold til § 8(1) krav på kr 400 000, jf. det som er sagt under punkt a. Resten, kr 400 000, skal delast på fire greiner etter § 4. Dei tre ungane som er i live, får kr 100 000 kvar. Dei fire barnebarna deler den avdøde dottera sin del og får kr 25 000 kvar.
- Ektefellen har etter § 9 første ledd rett til det høgare beløpet av halvparten av arven og 6G. I dette tilfellet blir 6G sett til kr 600 000. Resten, kr 200 000, skal tilfalle arvingane. I dette tilfellet blir arven å fordele på to greiner, éi til morssida og éi til farssida. Det er opplyst at mora lever. Det må forståast slik at faren ikkje er i live. Arven til faren går derfor til dottera hans (søstera til den avdøde), jf. § 5. Resultatet blir at mora og søstera arvar kr 100 000 kvar.
- Fetteren høyrer til tredje arveklasse. Ektefellen til den avdøde sonen har ikkje arverett etter den avdøde. Arven skal derfor fordelast § 9 andre ledd. Det vil seie at ektefellen arvar alt, kr 800 000.
- Den fråseparerte ektefellen har ikkje arverett, jf. § 11. Heile arven skal derfor delast mellom sonen og dottera etter § 4. Dei får kr 400 000 kvar.
- Ektefellen har framleis arverett trass i det brotne samlivet. Det er berre ein separert ektefelle som taper arverett etter § 11. Ektefellen har derfor krav på 4G, kr 400 000, etter § 8 første ledd. Resten, kr 400 000, skal delast på tre greiner etter § 4. Dei to døtrene som er i live, arvar kr 133 333 kvar. Dei tre barnebarna arvar den avdøde sonen sin del og får kr 44 444,67 kvar.
7.3.2
- Dødsbuet er kr 790 000
Frederik har krav på det høgaste beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G, jf. arvelova § 8 første ledd. ¼ av buet er kr 197 500, og 4G blir sett til kr 400 000. Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid er livsarvingar og deler resten etter § 4. Dei får kr 195 000 kvar.
- Dødsbuet er kr 1 000 000
4G, kr 400 000, er framleis større enn ¼ av buet, jf. § 8 første ledd. Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 4 og får kr 300 000 kvar.
- Dødsbuet er kr 3 600 000
4G, kr 400 000, er mindre enn ¼, som er kr 900 000, jf. § 8 første ledd. Frederik arvar derfor kr 900 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 4 og får kr 1 350 000 kvar.